Barnehagar

Barnehagetilbodet i kommunen held ein høg fagleg standard, med godt kvalifiserte medarbeidarar.

Fristen for hovudopptaket til barnehagane er sett til 1. mars, med oppstart 15. august. Der er òg lagt til rette for eit opptak med oppstart 01. januar. Då er søknadsfristen 01.oktober. Søknaden skal leverast elektronisk. Dei som ikkje har tilgang til internett kan få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å vende seg til ein av barnehagane eller tenestetorget i kommunen.

Masfjorden kommune er stor i utstrekning, og av den grunn er det etablert ein barnehage i kvar del av kommunen.

  • Indre Masfjorden barnehage ( blå markør på kartet attmed ) ligg på Matre, og vert nytta av born som bur i indre delen av Masfjorden.
  • Nordbygda barnehage ( lilla markør på kartet attmed ) ligg på Hosteland, og vert nytta av born som bur i nordre del av ytre Masfjorden.
  • Sandnes barnehage ( raud markør på kartet attmed ) ligg på Sandnes, og vert nytta av born som bur på sørsida av Masfjorden.

Du finn informasjon om den einskilde barnehagen via menyen "Barnehagar" oppe på sida. Her finn du òg informasjon om betalingssatsane.

Web levert av CustomPublish