Dirigent- og instruktørtenester

Til alle som ynskjer å kjøpa dirigent- og instruktørtenester i Masfjorden kulturskule

Søknadfristen er 1. april kvart år. Eventuelle endringar vert kunngjort på heimesida.

Frå 01.08.2016 er satsane:
283,- for barne- og ungdomslag
386,- for vaksne lag

Kommunestyret har kommunale satsar oppe til vurdering i budsjettmøte i desember.
Undervisningsåret går over 38 veker.
Arbeidsoppgåvene til dirigenten/instruktøren vert avtalt mellom styret i laget og dirigenten/instruktøren.
Kulturskulen har arbeidsgjevaransvaret, og syter for lønsutbetaling.
Det vert sendt ut krav til laga 2 gonger i året.
Laga må sjølv dekka reiser for instruktør til/frå øving, eventuelt saman med kulturskulen dersom vedkommande har anna undervisning same dag. Kulturskulen står for utbetaling av dette, og sender refusjonskrav til laga ved semesterslutt.
Det er ønskjeleg at seminartimar vert søkt på same måte som dirigent- og faste instruktørtimar, dvs. i forkant av skuleår. Då vert innbetalingskrav sendt samstundes med dirigentrefusjon vår og haust. Ev. overforbruk vert gjort opp ved sesongslutt. Ev underforbruk vert ført over til neste sesong.

Ta kontakt dersom spørsmål!

Nytt elektronisk skjema finn ein under Sjølvbetjening/Skjema samt lenka opp frå informasjonsfeltet til høgre.

Web levert av CustomPublish