To glade dokkemakarar med to fine dokker. Foto: Frank Kvinge

To glade dokkemakarar med to fine dokker. Foto: Frank Kvinge

Inspirerande dokketeaterdag

Det var mykje glede og kreativitet å sjå då dei yngste elevane på Sandnes skule fekk nytta heile skuledagen til dokketeaterverkstad fredag 6.desember.

Mette Wernøe 1.jpgHausten 2013 vart Kulturskuletimen innført. Dette er frå departementet si side meint som eit gratis kulturskuletilbod for 1. -4.klasse i SFO-tid. I Masfjorden har ein vald å trekkja tilbodet inn i skuletida for å nå alle elevane. Dokketeater er tema hjå oss og innhaldet i tiltaket kan difor forankrast i læreplanen for grunnskulen. Dei yngste på Sandnes skule var først i elden fredag 6. desember.

Kurshaldar er Mette Wernøe. Ho er pensjonert førskulelærar og har i meir enn 40 år spelt dokketeater og halde workshops på skular, barnehagar, bibliotek mm. I den siste tida har  ho hatt eit særleg fokus på forestillingar og workshops for småskulebarn og lærarar i Nairobi og i landsbyen Randago nær Victoriasjøen. Det var difor naturleg å starta dagen med ein samfunnsfagtime for 1.-7.klasse der ho fortalde og viste bilete frå dette arbeidet på Baraka Learning centre der ho og mannen hadde laga dokker saman med 80 born og spelt dokketeater for og med borna.

Det vart også tend lys for Nelson Mandela som døydde kvelden før. Mette fortalde engasjert om alt det gode han har gjort og som har gjort han så kjend.

Deretter var det tid for å spela dokketeater, først to stykke der ho sjølv hadde alle rollane,  og så « Kaspar og krokodillen». No var dei eldste i barnehagen også publikum.

To glade dokkemakarar med to fine dokker.jpgEtter lunsj var det tid for å  laga dokker utan nål og tråd. Iveren og fantasien hjå elevane var upåklageleg, og Mette leia dei unge dokkemakarane med klåre instruksar og med kontinuerleg positiv respons. Så var dokkene ferdige, og det var tid for å ta dei i bruk. Mette demonstrerte korleis dokkene skulle haldast og bevegast, og korleis ein kunne nytta stemma i ulike rollar. Deretter laga to og to elevar små improviserte rollespel som dei viste for kvarandre. Mette var oppteken av at dei skulle sleppa fantasien laus, og at ein ikkje skulle vera redd for å dumma seg ut. Denne bodskapen nådde tydelegvis fram, for her vart det utøvd kreativitet og spelelyst på høgt nivå. Strålande, rett og slett!  Men alle dokkene snakka austlandsk…hmm…

Dagen vart avslutta med oppsummering, og frå elevane kom det kommentarar som  « dette har vore den kjekkaste skuledagen me har hatt» og « alt har vore kjempegøy» og « me har lært så mykje» og « du er så flink» og « du må komma tilbake». Tilbake kjem Mette, men i første omgang til Matre og Nordbygda skule over nyttår. Dei kan gle seg. Så få me sjå om det blir tid til nok ein dokketeaterrunde seinare på våren.

Takk for ein inspirerande dokketeaterdag!

Tekst og foto: Frank Kvinge

Web levert av CustomPublish