Masfjorden folkebibliotek

Masfjorden folkebibliotek har i dag hovudbibliotek på Hosteland i Nordbygda skule og filial på Matre skule og Sandnes skule. Alle tre er samlokaliserte med skulebibliotek. Den fylkeskommunale bokbåten kjem to gonger i året og har fire stoppestader.

Felles nettsida for biblioteka:Bokleitarar

www.mittnordhordland.no

Hovudbiblioteket:

Telefon: 56 16 64 22.
Opningstider: Tysdag: 13.00 – 19.00
Kontortid: Onsdag og fredag frå kl. 11.00

Matre filial:

Telefon: 56 16 61 60 - Faks: 56 16 61 51 -
Opningstider: Torsdag: 12.30 – 18.30 -
E-post

Sandnes filial:

Telefon: 56 16 63 70 - E-post
Opningstider : Mandag: 13.00 - 19.00
Filialstyrar Sandnes filial : Bjørg Kvingedal

Praktiske opplysningar

Lånetid:

Bøker:             4 veker
Lydbøker:       4 veker
Tidsskrift:       4 veker
DVD:              1 veke

Reservering og fjernlån

Vi kan skriva deg på venteliste på bøker du vil låna. Du får beskjed når boka er komen. Nordhordlandsbiblioteka har ein felles database der kommunane sine mediesamlingar er registrerte. Treng du fagbøker aller andre ting biblioteket ikkje har, kan det som oftast skaffast frå Nasjonalbiblioteket eller andre fagbibliotek. Vi er ein del av det nasjonale lånesamarbeidet og vil så langt råd er låna inn det vi ikkje har. 

Nettside

Biblioteka i Nordhordland har no ei felles nettside, "mittnordhordland.no" På denne sida finn du opplysningar om alle åtte biblioteka i regionen, opningstider, kontaktinformasjon og tilbod. Her har du di eiga side der du kan klikka deg inn på «Meg og mitt» og sjå på låna dine, forlenga lånetida og reservera bøker o.a. Logg deg på med lånenummer og passord.

Purringar

Det er sagt i lovs form at alle bibliotektenester skal vera gratis for brukarane. Men om materiellet ikkje vert levert i rett tid, vert det purra.

  • 1. varsel: 10 kr
  • 2. varsel: 20 kr
  • 3. varsel: 100 kr.

Etter 3. varsel vert det sendt krav.

 

Web levert av CustomPublish