Kulturskulebilete_1

Masfjorden kulturskule

Masfjorden kommunale musikkskule vart skipa i 1979. Skulen skifta i 1999 namn til musikk- og kulturskule og i 2004 fekk han namnet Masfjorden kulturskule.

Kulturskulen gjev i dag undervisningstilbod på tangentinstrument, strengeinstrument, messinginstrument, slagverksinstrument, song, teikning og til ulike samspelgrupper( band, ensemble) og kor. I tillegg tilbyr ein kortkurs innan dans og teatersport. Kulturskulen sel i tillegg tenester til lag og organisasjonar i kommunen.

Kulturskulen har eit nært og godt samarbeid med grunnskulane i Masfjorden, der ein særleg samarbeider om sceniske oppsetjingar, andre konsertar og kurs. Fleire av lærarane i kulturskulen arbeider i kombinasjonsstillingar med grunnskulane. Andre samarbeidspartar er mellom anna barnehagane, song- og musikklaga, MOT, bok- og strikkekafe, seniorsamlingar og eldrekafe.

I tillegg til eigne konsertar og utstillingar deltek kulturskuleelevar på ei rekkje  av lokale og regionale arrangement. I 2015 utgjorde dette samla nær 100 oppdrag.

Elevopptak vert gjort om våren, med søknadsfrist 1.april.
Ein har dei siste åra hatt om lag 150 elevplassar, og me har ingen venteliste. All aktivitet i kulturskulen utgjer om lag 4,5 årsverk.

Web levert av CustomPublish