Masfjordbrua sett frå Duesund

Masfjordsambandet

Det er i planarbeidet gjennomført ei konsekvensutgreiing der tre ulike brukonsept er vurdert:

  • Hengebru - Teknisk økonomisk forprosjekt utarbeidd av Statens vegvesen
  • Flytebru med klaffebru i Duesundet - Teknisk økonomisk forprosjekt utarbeidd av Johs Holt AS
  • Flytebru med klaffebru i Masfjorden - Teknisk økonomisk forprosjekt utarbeidd av LMG Marine AS

Masfjorden kommune har etter tilråding frå Statens vegvesen avgjort at det skal utarbeidast reguleringsplan for hengebru alternativet. Dette med bakgrunn i teknisk økonomisk forprosjekt der byggekostnader og kostnader ved drift og vedlikehald er vurdert. Hengebru er anbefalt med i bakgrunn i at det framstår som den mest robuste løysinga i forhold til konstruksjon og vedlikehald. Hengebru er og det alternativet der kostnadene er minst usikre.  

Reguleringsplanen legg til rette for etablering av hengebru frå Masfjordnes (Sandnes) til Duesund (Skarvetangen) i Masfjorden kommune. Brua vil erstatte dagens ferjesamband på Fv 570 Masfjordnes – Duesund. Planlagt bru er ca. 710 meter.

Ferjesambandet er i dag vurdert til å vere er ei stor barriere for vidare utvikling og vekst. Masfjordsambandet vil binde saman Masfjorden kommune og etablere ferjefritt samband
mellom Ytre Sogn (Gulen) og Knarvik/Bergen/E39 sør. I tillegg vil eit ferjefritt, gjennomgåande nord-sør samband som avlasting og omkøyringsveg for E39 redusere sårbarheita i transportnettet.


Tekst: Samandrag av planforslag frå ABO Plan & Arkitektur

 

Web levert av CustomPublish