Innsyn møteplan

I innsyn møteplan vert det synt møter i alle politiske utval i Masfjorden medrekna partsamansette utval som administrasjonsutvalet, arbeidsmiljøutvalet og tilsettingsutvalet.

Det vert tilgang til innkallingar og saksutgreiingar i administrasjonsutvalet, men ikkje for arbeidsmiljøutvalet og tilsettingsutvalet der saksutgreiingane i stor grad er unnteke offentleggjering.

Merk at når det gjeld Kraftfondsstyret så vil innkallingar, saksutgreiing og protokollar dessverre berre vere tilgjengeleg frå og med 2015.

Protokollar

Når du klikkar på møtedatoen for det einskilde møte så vil du få tilgang til protokollen for dette møte når denne er ferdig protokollert. Du vil også få tilgang til alle protokollane når desse er protokollert ved å klikke deg inn på det einskilde utval i møteplanen.

I møteplanen kan du gå direkte til arkivsaka og journalpost for kvar einskil sak i innkallinga

Utvalsoversikt

I menyen utval vil du få oversikt over møteplanen for det einskilde utval samt medlemmer og varamedlemmer i dette utvalet.  Her vil du også kunne gå direkte til innkallingane og protokollane for møta.

Partioversikt

Her vil du få oversikt over alle medlemmene i dei partia som er representert i ulike utval som medlemmer eller varamedlemmer

Personsøk

I menyen personsøk vil du kunne søke etter politikarar og sakshandsamarar/tilsette som er brukarar av saks- /arkivsystemet.

Søkefunksjonen på innsyn møte vil ikkje gjelde for heimesida elles som har sin eigen søkemotor.

 

 

Web levert av CustomPublish