Vårlege syslar på skuleplassen til Nordbygda skule. Foto : Rune Garmann

Vårlege syslar på skuleplassen til Nordbygda skule. Foto : Rune Garmann

Nordbygda skule og SFO

Nordbygda skule  er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skuleåret 2015/16 er  elevtalet 81, fordelt med 19 på ungdomssteget og 62 på barnesteget. I tillegg er der to elevar ved Knarvik vidaregåande skule som får opplæringstilbodet sitt hjå oss.

Skulen ligg vakkert til på Hosteland, på nordsida av Masfjorden. I same område finn ein òg Nordbygda barnehage og  Nordbygda helsetun med lege, helsesyster og fysioterapeut.

Nordbygda skule har eit personale på til saman 26, fleire av desse i deltidsstilling. Inkludert rektor er der 14 lærarar, me har i alt 7 assistentar/ fagarbeidarar, 3 reinhaldarar, ein sekretær og ein bibliotekar. I tillegg har skulen ein lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Skulen har ei godt tilrettelagd og mykje brukt skulefritidsordning både før og etter skuletid. Onsdag, når småskulesteget har fri, er der tilbod heile dagen frå kl. 7.15 - 16.30. I år det 23 barn i 1.-4. kl. som nyttar SFO.

Masfjorden folkebibliotek er lokalisert til Nordbygda skule. Biblioteksjefen har 20 % av stillinga si som skulebibliotekar.

Alle skulane i Masfjorden er no med i 3. pulje av Utdanningsdirektoratet si storsatsing Ungdomstrinn i utvikling, forkorta til UiU. Dette er eit prosjekt som i første omgang er retta mot ungdomssteget, men som på våre 1-10 skular vil omfatte alle klassesteg. Satsinga har fleire siktemål, m.a. å gjere undervisninga meir variert, praktisk, utfordrande og variert. I dette arbeidet får me rettleiing og støtte frå Norsk Lærarakademi i Åsane. For Nordbygda skule sitt vedkomande vil ein del av denne skulebaserte etterutdanninga vere knytt opp mot skriving som grunnleggjande dugleik.

Skriving i alle fag er dermed eitt av tre felles satsingsområde for skulen dette skuleåret. Dei to andre er sosial kompetanse og fysisk aktivitet.

Gjennom  aktive og engasjerte foreldre  har skulen eit godt samarbeid  både om reint praktiske tiltak og i høve samarbeid om klassemiljø og einskildelevar. Her kan me m.a. vise til at våren 2014 skaffa FAU i samarbeid med helselaga midlar til nye leikeapparat som var med på å heva standarden på uteområdet vårt. Hausten 2015 abeider dei med ei vidareføring av dette tiltaket.

Via m.a. partnerskapsavtalen satsar skulen bevisst på eit godt samarbeid med det lokale næringslivet, likeeins søkjer ein kvart år å få til ulike tiltak for barn og unge i samarbeid med lag og organisasjonar i bygda.

Kontaktinformasjon finn ein i spalten til høgre.

 

Web levert av CustomPublish