Dei vaksne slår ring om borna på Sandnes skule. Foto : Dina Dyrhovden

Dei vaksne slår ring om borna på Sandnes skule. Foto : Dina Dyrhovden

Sandnes skule

Sandnes skule sin visjon: Skule og heim, - saman for glade, dyktige og spreke elevar.

Sandnes skule er ein kombinert barne- og ungdomskule. Skulen ligg nær kommunesenteret Masfjordnes i Masfjorden kommune, 7 mil nord for Bergen.

Hausten 2018 er elevtalet 64, med 15 elevar på ungdomssteget og 49 elevar på barnesteget. Skulen har 4-delt barnesteg og 1 klasse på ungdomssteget. Elevane er busette over eit område på ca. 3 mil, og dei fleste elevane er avhengig av skuleskyss.

Det er 19 tilsette på skulen. Rektor, inspektør, sekretær, assistentar og lærarar i heile og deltidsstillingar. Nokre av lærarane har kombinert stilling med undervising i kulturskulen og idrettsskulen.

Den eldste delen av skulen var bygd i 1964 og var fram til 1980 sentralskule for ungdomssteget i kommunen. Våren 2000 tok ein i bruk eit nybygg med gymnastikksal, musikkrom, bibliotek/datarom og kjøkken. Dette bygget er eitt av få her i landet med naturleg ventilasjonssystem og er oppført etter miljøvennlege prinsipp når det gjeld materialval og overflatebehandling.

Skulen har tilbod om SFO som er ope alle dagar.

Frå hausten 2018 er det tilbod om leksehjelp slik:

  • for elevar i 5.-7. klasse: Tysdag frå kl. 14.00-15.00
  • for elevar frå 8.-10. klasse: Torsdag frå kl 14.00-15.30.

Sandnes skule sine lokale og uteområde vert også nytta av Masfjorden kulturskule og Masfjorden idrettsskule, som har tilbod til elevar frå 2. klasse etter skuletid. Skulen sitt uteområde er romsleg og stimulerer til aktivitet. Skulen er også omgjeven av natur på alle kantar, som vi kan gjere oss nytte av både i undervisning og på fritid.

Utviklingsarbeid:
Sandnes skule har IKT som pedagogisk verktøy som sitt satsingsområde for skuleåret 2018/19.

 

 

Tekst: Dorte Rømsing, rektor

Web levert av CustomPublish