Vedtekter for tildeling av kulturvernmidlar

1 Målsetjing

Tilskotsordninga med kulturvernmidlar skal fremja vernetanken i kommunen. Kommunestyret ser kulturvernmidlane som eit aktivt tiltak for å ta vare på og sikra det lokale kulturmiljøet, det vil seia eldre bygningar, bygningsmiljø og andre kulturminne.

2 Prioritering

Ved prioritering av søknader vil ein m.a. leggja vekt på følgjande:

  1. at størst mogleg breidd av kulturminna vert representert
  2. sjeldne kulturminne må sikrast
  3. om kulturminnet er særleg typisk for lokalmiljøet
  4. om kulturminnet er utsett og i ferd med å bli borte
  5. om kulturminnet kan få ein funksjon etter restaureringa/ istandsetjinga

3 Føresetnader for tilskot

Kommunen gjev tilskot til restaurering/istandsetjing under føresetnad av at det opphavlege som knyter seg til kulturminnet ikkje vert vesentleg endra ved restaureringa/istandsetjinga. Kommunen kan gje rettleiing til eller koma med merknader til restaureringa/istandsetjinga i kvart einskild tilfelle. Kommunen skal ha godkjent restaureringa/istandsetjinga. Det er ein føresetnad for tilskot at eigar/brukar yter ein eigendel.

4 Kven kan søkja

Kommunen gjev tilskot til restaurering/istandsetjing av eldre bygningar, bygningsmiljø og andre kulturminne som ligg innan for Masfjorden kommune sine grenser. Eigar av slike minne kan søkja kulturvernmidlar. I dei tilfelle der brukaren søkjer om midlar, skal eigaren godkjenna søknaden.

5 Saksgang

Tilskotsordninga til kulturvern vert gjort kjend ved oppslag og på kommunen si heimeside årleg. Søknadsfristen er 1. april. Søknaden vert skriven på eige søknadsskjema som ein får frå kommunen eller hentar på heimesida. Søknaden skal innehalda kostnadsoverslag, framdriftsplan, søknadssum og søkjaren sin eigendel.

6 Utbetaling

Utbetaling av kulturvernmidlar skjer når restaurering/istandsetjing er ferdig i følgje planane og arbeidet er godkjent av kommunen. Inntil halve tilskotet kan utbetalast når tilsvarande arbeid er gjort. Når ein søkjar har fått tilsegn om tilskot, må arbeidet utførast i søknadsåret eller året etter.

Web levert av CustomPublish